Alle over 45 år får no tilbod om 3. dose – og ledige timar til 1. og 2. dose

Vi vaksinerer i romjula og har også drop in-tilbod.

Pexels   

3. dose:

Meldingane frå c19 vil bli sendt ut fortløpande når tida er inne for oppfriskingsdosen. Det må gå 20 veker (om lag 4,5 månadar) mellom dose 2 og dose 3, så det er ikkje vits å ta kontakt med helsestasjonen før du får melding*.

Vi oppmodar alle til å svare på meldinga ved å gå til c19.no. Vi ringer dei som ikkje svarer, og det tek opp mykje kapasitet for oss.

1. og 2. dose:

Ta kontakt med helsestasjon på 46834785 for å bestille time.

 

Tidspunkt for vaksinering:

Vi har vaksineringsdag både 20. desember og 29. desember. Desse dagane blir vaksinane sett på helsestasjonen (2. etasje på helsehuset)

Vi har drop in 27. og 28. desember mellom klokka 15 og 16. Merk: Drop in vil skje på Hareid legesenter (3. etasje i helsehuset) ved Vidar Vollsæter.

 

* Har det gått 20 veker sidan 2. dose, og meldinga av ein eller annan grunn ikkje har kome, må du kontakte helsestasjonen