Andre smittetilfelle 31. mars

Endå ein innbyggar i Hareid kommune har fått stadfesta positiv covid-19-test.

Klikk for stort bilete 


Den smitta har ingen nærkontaktar og ingen personar må i ventekarantene.

Smitten stammar frå utbrotet i Fjord kommune.

Dette er det andre smittetilfellet i Hareid som blei stadfesta 31. mars. Det førre tilfellet kan du lese om her.

Les meir om dei forskjellige karantenetypene på koronaportalen vår. Her har vi samla all informasjon om koronastatusen i Hareid kommune, samt råd og reglar.

Hald fram med å følgje dei gode smittevernråda, så minimerer vi risikoen for at enkelttilfelle blir til store utbrot:

  • Hald to meter avstand til personar utanom eigen husstand
  • Vask hender ofte med såpe og vatn. Nytt handsprit dersom vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg
  • Hald deg heime og test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon – også milde.