Personen hadde ikkje uniform og bad om å få kome inn og sjå på huset. I dette tilfellet blei ikkje personen trudd og derfor heller ikkje sloppe inn. Besøket skjedde på kveldstid.
Brannsjef i Hareid og Ulstein brannvesen Olav Helt Brubak seier magekjensla til huseigarane var heilt rett.
- Dette var ikkje oss. Vi går aldri på tilsyn utan å varsle først. Vi vil også vere uniformerte og ha uniformert bil når vi kjem på tilsyn, seier han.
Brubakk reagerer kraftig på at folk misbrukar brannvesenet si rolle, uansett kva føremålet er.
- Det er straffbart å late som om man er offentleg tenestemann, seier han.
Politiet er tipsa om saka. Frå operasjonssentralen melder Møre og Romsdal politidistrikt at dei ønsker å få vite om slike besøk der det er mistanke om at nokon utgir seg for å vere andre enn det dei er.
- Ring oss på 02800 med ein gong dei har gått. Vil dei ikkje gå, må de ringe 112, er beskjeden frå politiet.