Åtvarer mot flom, vind og jordskred i helga

Det er sendt ut heile tre farevarsel for flom, vind og jordras for Hareid kommune

Klikk for stort bilete Pexel

Meteorologisk institutt og NVE har sendt ut fleire farevarsel for helga.

Følg utviklinga på varsla her.
Les fleire råd om korleis du hindrar skadar når det er flom- og jordskredfare her.

Flomfare GULT og ORANSJE nivå:

Flomvarselet er gult for laurdag og auker til oransje natt til sundag.

Det er venta lokalt mellom 60-100 mm nedbør på 24 timar.

KONSEKVENSAR: Det er fare for overvann i tettbygde område, oversvømmingar, bekkar og elver kan skifte løp, jord- og flomskred der regnet treff. Stengde vegar og bruar.

RÅD: Hald deg oppdatert på situasjonen. Sikre og flytt verdier frå utsette område, til dømes kjellarar, og biler campingvognar som står langs elvar og bekkar. Rens stikkrenner, kummar og andre vannvegar for jord, grus, kvist og lauv.

Jordskredfare GULT nivå

KONSEKVENSAR: Det er venta skredhendingar på grunn av mykje nedbør. Utsette vegar kan bli stengde.

RÅD: Hald deg unna bratte skråningar, samt bekkar og elvar med stor vassføring. Rens stikkrenner og avlaup. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred.

Vindkast GULT nivå

Det er venta vindkast frå sørvest opp mot  32 m/s. Laurdag kl 20-måndag kl 00.

KONSEKVENS: Lause gjenstandar kan flyge avgårde. Ferjer og båtar kan bli kansellert. Straumforsyninga kan bli påverka viss tre fell over kraftledningar. Vegar kan bli stengde på grunn av gjenstandar i vegbanen

RÅD: Sikre lause gjenstandar. Unngå unødig ferdsel på utsette stader. Sjekk vegmeldingar på tlf 175.

Varselet gjeld frå natt til sundag til natt til måndag.