Auke i tal på personar med luftvegssymptom

Hareid kommune oppmodar alle om å ha lav terskel for å teste seg.

 

Hareid legesenter melder om auke i tal på personar med luftvegssymptom grunna ulike luftvegsinfeksjonar. Den generelle smitte er størst blant dei yngre, som ikkje er vaksinerte. Dette kan vere ein konsekvens av lette i koronatiltak og auka mobilitet i befolkninga.

Hareid kommune oppmodar alle om å få tatt ein covid-19 test ved det minste symptom eller mistanke om dette, sidan det er vanskeleg å skille covid-19 frå andre luftvegssymptom.

Det er fortsatt lokale utbrot i Noreg, og vi ber om å ha ein lav terskel for å teste seg.

Hareid legesenter utfører testing måndag – fredag frå 1215. Alle må ringe 70 30 70 70 på førehand for avtale om tidspunkt.

Teststad er brakka ved det gamle legesenteret.