Avgrensa kapasitet på byggesak

Send e-post dersom du treng hjelp eller har spørsmål.

Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

På grunn av fråvær og stort arbeidspress har vi for tida avgrensa kapasitet på byggesaksavdelinga.

Vi har derfor eit etterslep på byggesakene. Mange har spørsmål om korleis det går med deira sak. og ønsker, naturleg nok, svar på status. Det gjer at vi får mange telefonar, fleire enn vi kan svare på med dei folka vi har no.

For å sikre at ressursane våre går til å handsame byggesaker, ber vi derfor alle som kan, om å kontakte avdelinga per e-post i staden for telefon. Då unngår vi avbrot og vi kan jobbe meir effektivt.

Det er også mykje informasjon på nettsida vår og andre stader på internett om du skulle ha spørsmål om regelverk eller reguleringsplanar:

På nettsidene våre har vi ei eiga side for byggesak (lenke).

Her finn du til dømes ein rettleiar som kan vere til god hjelp om du har tenkt å bygge noko nytt (lenke). Her finn du også informasjon om kva det kostar med byggesak og søknadsskjema.

Elles finn du mykje god hjelp via dibk.no. Det er her alle søknadsskjema samt digital søknadsløysing er tilgjengeleg. Her finn ein blant anna også vegvisarar (lenke) som kan hjelpe deg å finne ut om garasjen, tilbygget eller altanen du ser føre deg å bygge er søknadspliktig eller ikkje. Sjekk gjerne ut dibk.no om du finn det du lurer på før du spør byggesaksavdelinga.

Byggesaksleiar Silja Øvrelid når du på e-post silja.overlid@hareid.kommune.no.

Ho vil svare på e-postar fortløpande.

Takk for tolmodet!