Bakteriefunn på Overåsanden

Det er ikkje farleg å bade i sjøen, men ein bør ikkje leike/bade i bekkane som renn over stranda.

Klikk for stort bileteOVeråsanden. Det er bekken lengst i frå på dette biletet som det er funne bakteriar i. Erlend Friestad

OPPDATERT 20. JUNI:

Det er no også funne bakterier i den andre bekken - den nærast "inngangen" til stranda. Samstundes viser prøvene av badevatnet at det ikkje er farleg å bade i sjøen.

****

Hareid kommune har tatt vassprøver av dei to bekkene som renn ut over Overåsanden. I den eine, den nærast Hjørungavåg, blei det funne E. coli-bakterier. Vi vil derfor åtvare mot at ein bader/leiker i denne bekken. Kommunen har satt opp sperringar rundt bekken og ber om at desse blir respektert.

Avrenninga til sjøen er svært lita. Vi er derfor ganske sikre på at dette ikkje vil påverke kvaliteten på badevatnet i sjøen. Vi vil likevel ta vassprøver av sjøvatnet kvar veke i sommar. Fyrste prøve blir tatt måndag 17. juni.

Det har antakeleg vore utfordringar med bakteriar i denne bekken i fleire år, men no har vi fått det fastslått og vil derfor varsle innbyggarane. Kommunen arbeider no med å finne ei permanent løysing som kan få bukt med problemet.

I den andre bekken, den som er midt på stranda, er det ikkje funne bakteriar.