Barn – ikkje brud

Vi treng bøsseberarar til TV-aksjonen søndag 24. oktober.

 

Tradisjonen tru blir det TV-aksjon i år også. I år blir det også tradisjonelle bøsser, i tillegg til alle dei digitale som blei nytta i fjor. Hareid kommune har eit mål om å dekkje heile kommunen med bøsseberarane. Til det treng vi 60 personar som kvar går med bøsse i om lag to timar.

I fjor blei Hareid kommune den beste kommunen i fylket (23. beste kommune i Noreg). Då samla vi inn 72,22 kroner per innbyggar – det var over 4 kroner meir enn neste kommune på fylkeslista som var naboane våre i Ulstein kommune. Den bragda håpar vi å gjenta i år også! (Her kan du følgje med på innsamlinga)

I år er det Plan Internasjonal som får dei innsamla midla. Dei skal dei nytte i kampen mot barneekteskap – derfor slagordet «Barn – ikkje brud».

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. Gjennom TV-aksjonen skal vi i år saman gi jenter moglegheita til å velje si eiga framtid.

Målet med årets aksjon er å nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.

Til dømes blir meir enn halvparten av alle jenter i Bangladesh gifta bort før dei fyller 18 år. Dette skjer trass lover som forbyr barneekteskap. Tradisjon og kultur trumfar dessverre ofte nasjonale lovar.

TV-aksjonen skal jobbe for at jenter får halde fram skulen, at barn, unge og vaksne får opplæring i jenter sine rettar og likestilling. Vi vil også arbeide for å sikre at lovane i landa beskyttar barn frå å bli gifta bort.  

Midlane som blir samla inn i TV-aksjonen skal mellom anna

  • Gi jenter relevant yrkesopplæring og opplæring i entreprenørskap
  • Støtte ungdomsgrupper og lokale organisasjonar i deira kamp mot barneekteskap
  • Drive opplysingkampanjar lokalt for å få ut informasjon om at barneekteskap er forbode.
  • Arrangere foreldrekurs i omsorg og ikkje-valdeleg oppdraging
  • Trene helsepersonell og lærarar i seksuell og reproduktiv helse.
  • Les meir om kva pengane går til her.

I tillegg til tradisjonell bøsseinnsamling, kan du samle inn eller bidra på mange andre måtar også. Les meir her: