- Barn kan varme alle hjarte

Dei siste månadane har sjukeheimen fått hyppig barnebesøk – og fleire skal det bli – takka vere pårørandeforeininga.Klikk for stort bileteBarna ved Gnist Holstad barnehage speler spel på sjukeheimen. Sjølv om dei gamle ikkje alltid orkar å engasjere seg i leiken, likar dei å følgje med på kva ungane gjer på. Erlend Friestad/Hareid kommune  

På golvet inne på buavdelinga på Hareid sjukeheim ligg fire-fem jenter og gutar på golvet. Dei teiknar. Jentene teiknar regnbogehjarter, medan gutane teiknar tjuvar. Like ved sida sit endå ei gruppe som spelar spel. I sofaen blir eit par gutar lesne for. Det summar av røyster frå femåringane på Gnist Holstad barnehage.

Sjå videoreportasje frå besøket:

Tiner opp

Ein gong i månaden kjem dei til sjukeheimen. Det same gjer barn frå dei andre tre barnehagane i Hareid kommune. Barna plar å besøke den same avdelinga kvar gong, slik at dei blir kjend med både dei tilsette, miljøet og ikkje minst bebuarane.

Klikk for stort biletePaulina (5) leiker på golvet på bu-avdelinga på sjukeheimen. Det er ikkje alltid dei bebuarane orkar å engasjere seg i leiken og aktiviteten. Einingsleiar Hanne Marte Sukka fortel at dei set pris på besøket likevel: - Barna varmar alle hjarter. Erlend Friestad/Hareid kommune  - I starten var dei kanskje litt skeptiske, men etter kvart som vi har blitt kjend, tør dei å gå bort for å prate litt og kanskje gi dei ei teikning dei har laga. Ungane synest det er kjekt å kome hit, seier Ingvild Grimstad Selvåg frå Gnist Holstad barnehage.

Vil du ha reportasjer og nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

- Barna er framtida 

Bebuarane set også stor pris på dei jamlege besøka frå barnehagar og skule. I ein lenestol sit Gunnar Magne Hovden og følg interessert med på alt det som skjer på golvet.

- Det er godt å sjå småfolkjet, seier bebuar Gunnar Magne Hovden.

Magni Liavåg er samd.

- Det er so triveleg å sjå dei. Det er barna som er framtida, seier ho. 

Einingsleiar på buavdelinga, Hanne Marte Sukka, utdjupar:

Hald deg oppdatert: Følg Hareid kommune på Facebook.

- Barn kan varme alle hjarte. Dei skaper liv og det ser også ut som om dei er komfortable med å vere her. Det er fint å sjå korleis barna finn sin plass, seier ho.

Klikk for stort bileteKine har teinka eit hjarte på sjukeheimen Erlend Friestad/Hareid kommune Demente mest med 

Det er forskjellig kor mykje bebuarane engasjerer seg under besøket. Best respons får barna på skjerma avdeling. Der er bebuarane friskare fysisk og orkar meir, noko som gjer at dei kan delta i aktivitetane – til dømes teikne i lag.

- Barna vekker gode, varme minner og kjensler hos dei demente, fortel Sukka. 

Etter teikning, spel og lesing er det tid for lønsj. Ein av ungane vel bordverset «Ormen lange». Dei små barnehendene buktar seg som ein slange, medan dei syng. Dei vaksne har med ferdigsmurde brødskivar og drikke som barna et inne på avdelinga.

Klikk for stort bileteGunnar Magne Hovden har fått teikning. - Det er godt å sjå småfolket, seier han. Erlend Friestad/Hareid kommune Når ein time har gått, er barna klare til å gå attende til barnehagen. Men fyrst ein song. Dei stillar seg på rekke før dei syng «Sol, sol, kom igjen» - ein passande song etter mange veker med mykje regn. Eit par av bebuarane vippar på tøflane i takt. Når songen er ferdig, får barna lett applaus.

Klikk for stort bileteIngvild Grimstad Selvåg (t.v.) leiar Gnist-ungane i song for bebuarane. Frå venstre: Leon, Andreas, Ella, Kine, Mila, Alifjan, Thirusaan, Paulina, Mariam, John Martin og Martin Erlend Friestad/Hareid kommune Rosar pårørande 

Det er pårørandeforeininga som har kopla barnehagane, skulane og sjukeheimen på ein meir fast basis enn tidlegare. Einingsleiar Sukka gir dei masse ros for initiativet:

- Dei har gjort ein kjempejobb med å integrere alle aldersgrupper her på sjukeheimen. Det at skuler og barnehagar kjem innom, gjer at sjukeheimen ikkje berre blir eit hus ein går inn viss ein har eit spesielt ærend. Det synest eg er veldig kjekt. Her er det mange som har heimen sin, og dei set stor pris på besøk, seier Sukka.

Klikk for stort bileteToril Overå og Synnøve Overå Hide i pårørandeforeininga.- Samlar oss som bygd

Pårørandeforeininga blei stifta i fjor haust. Medstiftar og primus motor, Toril Overå, fortel at dei ville ha eit lavterskeltilbod som dei kunne starte opp raskt.

- Om berre ein bebuar, får glede av besøka, so er det verdt det, seier ho.

 Ikkje alle bebuarane orkar å delta i aktivitetane, men dei er likevel glad i selskap, fortel dei til Overå. Til og med dei eldre som sit på rommet sitt og ikkje har moglegheit til å kome ut i fellesareala, merkar besøka på ein positiv måte.

Her kan du søkje om barnehageplass.

Klikk for stort bileteElisabeth Skotheim les ei av Jakob og Neikob-bøkene for Martin. Erlend Friestad/Hareid kommune - Når dei høyrer barnelatter og aktivitet i gangen, då varmar det dei også, seier Overå.

Ho legg stor vekt på generasjonsmøtet, mellom anna at ungane får sjå at alderdom er ein del av livet.

- Det er viktig og bryt ned barrierar noko som samlar oss som bygd, som kommune, seier ho.

Kalenderen for treffpunkta er lagt fram til sommaren, men Overå er allereie sikker på at barnehagebesøka kjem til å halde fram til neste haust også.

Spørsmål om sjukeheimsplass, korttidsplass eller liknande? Her er kontaktinformasjon.

Klikk for stort bileteIngvild Grimstad Selvåg skjenkar drikke til barna som et lønsj på sjukeheimen. Erlend Friestad/Hareid kommune  

Sjå video frå dei kommunale barnehagane i Hareid kommune: