Barna har gjort sitt, no er det oss vaksne sin tur!

Gi eit bidrag til TV-aksjonen sin kamp mot plast i havet.

Klikk for stort bileteBrandal friskule har rydda på Kvitneset Victoria Røren   

Sjå fleire bilete nedst i artikkelen.

Dei mest engasjerte i årets TV-aksjon er barna våre. Dei har dei siste vekene rydda, sprunge, laga kunst og halde kafé for å bidra til lokalmiljøet og skaffe inntekter til TV-aksjonen sin kamp mot plast i havet.

Dei ser med eigne auge at vi vaksne ikkje har vore flinke nok til å passe på miljøet. Dei har funne plast og søppel i grøftekantar, langs strendene, på svaberg, i skogen og på fjellet. Og dei har sørga for at søppelet no er levert der det høyrer heime: I søplekassen eller hos SSR.

No skuldar vi dei å gje litt av våre ressursar og vise at vi tar dei på alvor. Under følgjer ei liste over skulane og barnehagane sine digitale bøsser. Finn den/dei bøssa/bøssene som passar deg best og gi ein slant.

LES MEIR: 250 kilo plast i havet kvart sekund.

For dei som ikkje finn ei passande bøsse i lista over, så er Hareid kommune si «fellesbøsse» open for alle donasjonar. Den finn de her.

Her får du ei oversikt over dei private bøssene i Hareid kommune som samlar inn til TV-aksjonen.

LES MEIR: Andre måtar å gi til TV-aksjonen på