Beintøffe Hjørungavåg-elevar vann konkurranse

Over 55 000 skoleelevar frå heile landet har deltatt i konkurransen Beintøft i år. Til saman har deltakarane reist over éin million bilfrie kilometer. I Møre og Romsdal var det klasse 5A på Hjørungavåg skule som var best.

Klikk for stort bilete pexels.com

Beintøft er i regi av Miljøagentene og er Noregs største gå-til-skolen-aksjon. Gjennom kampanjen blir alle grunnskoleelever i landet utfordra og oppmoda til å gå, sykle eller reise kollektivt til skolen.

– Ved å la bilen stå heime bidrar vi til mindre forureining der vi bor, luftablir reinare, området rundt skolen blir tryggare og det blir mindre CO₂-utslipp frå bilar, seier prosjektleiar Kaspar Tjeldflaat Steudel i Miljøagentene.

Jorda rundt kvar einaste dag

I løpet av 20 kampanjedagar i september har deltakarane i Beintøft i gjennomsnitt runda jordkloda halvannan gang kvar dag.

- På en månad har barna gått over 1,2 million kilometer. Det er svarar til 31,7 gonger rundt ekvator! Når 55 000 foreldre setter igjen bilen heime, viser det at vi alle kan være med på å spare miljøet for myekje, seier prosjektleiar Steudel.

– Sjølv om mange barn allereie går eller syklar til skulen, ser vi at denne kampanjen bidrar til økt engasjement rundt eigen skuleveg. Med slike resultat kan barna igjen inspirere foreldre til å velje miljøvennlig reiseveg i kvardagen, seier han.

Premier til lokalmiljøet

Den aller beste Beintøft-klassen ble 7B på Bergseng skole i Harstad. Dei får 30.000 kroner. Premien skal komme hele klassen til gode og bidra til vidare aktivitet. I tillegg får de beste 1. til 7. klassene nasjonalt en premie til en verdi av 5.000 kroner. Det same får dei beste klassene i kvart fylke.

– Pengane kan for eksempel nyttast på nye sykkelstativ, parsellkasser, sparkesyklar til heile klassa eller søppelkasser i skulegarden, seir Steudel.

Temaveker

I løpet av Beintøft har elevane vært gjennom fire vekessoppdrag med ulike tema: Trafikktryggleik, reisa til matpakken, forsøpling og friluftsliv og natur.

- For å oppnå full poengsum i konkurransen har vi sett som krav at klassane har engasjert seg i vekesoppdraga.  Vi har fått fantastisk respons i form av kreative, morosame og interessante bilete og teikningar. Det er ingen tvil om at den oppveksande generasjon er svært miljømedvitne, konkluderer Steudel.