Beklagar deling av personopplysningar

Tysdag blei det sendt ut brev til brukarar, og deira pårørande, av heimehjelp og matombering. Vedlagt låg dessverre ei liste over alle som fekk brevet.

Klikk for stort bilete  

  

I brevet informerte vi om at Hareid kommune no tilbyr brukarane av matombering og heimehjelp, og eventuelt pårørande av desse, moglegheita til å kommunisere digitalt med dei som tilbyr tenestene. Dei kan mellom anna avlyse eller bestille ekstra tenester digitalt. Meir om denne moglegheita kan de lese her.

Alle som fekk brevet kunne dessverre også sjå kven andre som hadde fått det. Totalt var det 160 personar på denne lista. Lista er ei blanding av pårørande og brukarar av dei to tenestene, og det er ikkje markert kven som er kva eller kva teneste som er knytt til namnet. Brevet inneheld elles ingen opplysningar om kvifor folk får ei teneste eller anna informasjon om til dømes helsa til den enkelte.

Hareid kommune meiner likevel det er sterkt uheldig at opplysningar om kven som mottek tenester frå kommunen går til utanforståande. So fort vi blei gjort merksame på feilen onsdag, starta vi med å finne ut kva som hadde gått gale og korleis vi kunne hindre at slikt skjer igjen.

Konklusjonen er at dette skuldast rutinesvikt og ikkje er ein feil i sjølve systemet. Vi har allereie no utarbeida nye rutinar for unngå slike feil i framtida.

Dei som fekk brevet, vil no få informasjon der vi forklarer kva som har skjedd. Hendinga er også registrert inn i avvikssystemet vårt for oppfølging der. Fylkeslegen er informert om hendinga. Det same vil Datatilsynet bli.

****

Viss du vil lese brevet som blei sendt ut, kan du lese det her (PDF, 86 kB)  + informasjonsbrosjyra som følgte med. (PDF, 470 kB)

Viss du er interessert i den digitale plattforma for kommunikasjon mellom helse- og omsorgsinstitusjonane og brukarar/pårørande, kan du lese her.