Besøksrutinar ved sjukeheimen - presisering

Klikk for stort bileteSjukeheim HK     For å hindre at smitte blir overført til bebuar eller helsepersonell/anna personell i samband med gjennomføring av besøk til bebuar i institusjon under covid-19 pandemi skal alle besøkande fortsatt klarererast og loggførast.

Praktisk gjennomføring:

  • Alt besøk skal klarerast med personalet ved aktuell eining og loggførast med namn, dato og tidspunkt.
  • Besøkande skal gi beskjed til personalet ved ankomst og avreise.
  • Alle besøkande skal vere fri for covid-19 symptom.
  • Besøkande skal følge grunnleggjande smittevernrutinar for å verne bebuarar og personale.
    • Handvask/handdesinfeksjon skal utførast av besøkande ved ankomst og avreise.
    • Sosial distansering handterast ved at ein til ei kvar tid skal halde 1 m avstand mellom besøkande og bebuar/helsepersonell.
    • Det er ingen avgrensing på talet besøkande, eller varigheit av besøk, men ein skal til ei kvar tid klare å halde 1 m avstand.
    • Besøk gjennomførast fortrinnsvis ute. Dersom besøk må gjerast inne, skal de gjere dette på besøksrom eller på bebuar sitt rom.
    • Besøkande skal ikkje opphalde seg i fellesareala på einingane.
    • Personalet desinfiserar kontaktflater etter avslutta besøk
  • Sjukeheimen legg til rette for alternativ kommunikasjon mellom bebuarar og pårørande, eksempelvis gjennom smarttelefon, skype, face-time eller liknande.
  • Pårørande kan ta med seg bebuar på biltur dersom ein klarar å halde 1 m avstand mellom besøkande og bebuar.
  • Moglegheit for at bebuar skal kunne bli med på private arrangement utanfor sjukeheimen, må vurderast av personalet i kvart enkelt tilfelle.

Ansvar: helsepersonell tilsett ved den enkelte eining har ansvar for å informere besøkande om gjeldande rutine og besøkande har ansvar for å medverke til å følge aktuell rutine.

Generell informasjon: Bebuarar i institusjon vil grunna høg alder og komorbiditet ha auka risiko for alvorleg sjukdom ved smitte av covid-19. Smitteoverføring frå besøkande er såleis ein risiko, ikkje berre for den enkelte som får besøk, men også for dei andre bebuarane ved institusjonen. Med besøkande meinast pårørande og omgangskrets til bebuarar, frivillige hjelparar og andre som leverer tenester og er med på aktivitetar ved institusjonen. Vi ynskjer færrast mogleg besøkande per bebuar.