Biblioteket opnar igjen mandag 18. mai

Endeleg opnar biblioteket dørene att, men med reduserte opningstider.

Klikk for stort bilete pexels.com  

Opningsider blir som følgande:

  • Mandag 11-15
  • Onsdag 11-18
  • Fredag 11-15

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

Vi ber om at alle besøkande følgjer desse restriksjonane og oppmodingane:

  • Personar med symptom på luftvegssjukdom skal ikkje kome til biblioteket.
  • Publikum må vaske seg med handsprit før og etter bibliotekbesøket.
  • Berre 5 personar får opphalde seg i biblioteket om gongen. 
  • Vi oppmodar om at familiar ikkje kjem samla og at føresette lånar bøker til borna sine.  
  • Lån bør gjerast via utlånsmaskin.
  • All innlevering skal skje via innleveringsboksa ute.
  • Publikum oppmodast om å halde avstand og ikkje opphalde seg i biblioteket meir enn nødvendig.
  • Bruk av PC og lesing av aviser vert i fyrste omgong ikkje tillate.

Om nokon ikkje kjenner seg trygge på å oppsøke biblioteket enno, vil ordninga med tinging og henting av media framleis vere mogleg.

Ta kontakt med biblioteket dersom du har spørsmål.