Bill mrk: Søker knakandes gode idear

Har du ein idé eller eit innspel som du vil dele med politikarane? Sleng han i forslagskassa vel!

Klikk for stort bileteHareid kommune sett frå Hasundhornet. Takk til fotograf Hildegunn Thomassen for at vi får låne biletet. Hildegunn Thomassen   

Innbyggardialog er viktig for å skape ein god kommune for alle. Politikarane i Hareid ønsker derfor å ha ein låg terskel for å ta kontakt. Ved å fylle ut dette skjemaet, kan du sende inn forslag og innspel som går vidare til alle dei faste politikarane i kommunestyret.

  • Kanskje du sit med ideen som kan skape fleire arbeidsplassar?
  • Kanskje du har erfaringar frå skule eller barnehage du vil dele?
  • Kanskje du har ønsker for korleis sentrum skal vere?

Nytt dette skjemaet for å sende inn forslag.

Merk: Alle forslag blir arkivert, loggførte og mogleg å be om innsyn i.