Bill mrk: Søkjer yngre menn!

Føreløpige tal viser at det er ein overvekt med kvinner og personar eldre enn 40 som svarer på innbyggarundersøkinga. Vi vil ha eit så breidt utval som mogleg – og oppmodar fleire menn og personar under 40 til å svare.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Per no har vi fått inn 223 svar, noko som svarer til 6 prosent. Det er eit lite stykke bak svarprosenten i 2019, som var på 21,2. Vi har eit håp at vi klarer å ta igjen det i løpet av den siste veka i undersøkingsperioden.

Til de som allereie har svart: Takk! Framsnakk gjerne undersøkinga og oppmod andre om å svare.

Vi ser på bakgrunnstala at vi «manglar» svar frå følgande grupper:

  • Menn
  • Personar under 40 år
  • Personar utan høgare utdanning
  • Barnefamiliar
  • Personar som ikkje er fødd i Noreg

Kjenner du nokon som høyrer til ein eller fleire av desse gruppene? Del denne artikkelen med dei!

På same måte som i kommuneval, så vil det å sitje på gjerdet eller i sofaen gjere at dei som røyster i valet eller svarer på undersøkinga får meir makt. Nytt retten du har til å seie di meining om korleis det er å bu i Hareid kommune du også!

PS: Vi ønsker at flest mogleg svarer – uavhengig av gruppe. Denne oppmodinga er derfor ei oppmoding til alle om å svare - og ei særskild oppmoding til gruppene nemnd ovanfor.