Bli med «å båle» 18. januar ved Rotarystien

«Heile Noreg bålar» markerer startskotet for friluftslivets år 2025. Denne dagen, 18. januar, ønsker vi å få med heile Noreg til å samlast rundt bålet.

illustrasjonsbilete av bål - Klikk for stort bilete Pexels.com

I Hareid vert dette markert med at det blir tent opp bål og servert varm drikke i den store gapahuken på Rotarystien, ved utlaupet av Grimstadvatnet, klokka 13-15. 

Ordførar Bernt Brandal vil opne arrangementet klokka 1300. Ta gjerne med niste eller noko du kan varme på bålet. Det er også lurt med eit sitjeunderlag. Dette arrangementet er eit samarbeid mellom frivillige, Hareid kommune og Sunnmøre friluftsråd.

Ved gapahuken blir det ulike aktivitetar og turkviss med premiar. Inviter med deg familie, naboar og vener til ein inkluderande møteplass, og til å oppleve den magiske kosen rundt bålet. Bålkosen ved Rotarystien er det fyrste av fleire arrangement i Hareid kommune for å markere friluftslivets år.

Her kan du lese meir om friluftslivets år.

Friluftsliv er den fremste fritidsaktiviteten i Noreg  og har noko for alle, uavhengig av føresetnadar og forkunnskap. Samtidig kan det vere mange barrierar som kan hindre både barn, unge og vaksne frå å få gode opplevingar i naturen. I 2025 år er målet at alle skal finne sin friluftsglede. Organisasjonar og lokale lag som tilbyr aktivitetar skal lyftast frem, og det skal være enkelt å finne dei. Slik kan du bli ein del av eit miljø, og bli trygg på å være ute i naturen. Då blir det også enklare å utforske naturen på eiga hand når du ønsker det.

Friluftslivets år vert skapt av friluftslivsorganisasjonane og heile breidda av frivilligheit, friluftsråda, sentrale og lokale myndigheiter, skular, næringsliv og enkeltpersonar. Det vert markert kvart 10. år og er forankra i Stortingsmelding om friluftsliv (2016).