Bli med å ta kvardagen tilbake! Last ned Smittestopp-appen.

Saknar du å klemme andre? Saknar du ein skikkeleg fest? Saknar du å ikkje vere redd for koronaviruset ? Smittestopp-appen er eit steg mot livet slik det var før koroanen kom.

Klikk for stort bilete pexels.com/Nicole Michalou

Ved å laste ned og ta i bruk den nye Smittestopp-appen på telefonen din, kan du få melding om at du har vore i nærleiken av ein smitta person. Du kan også gi melding om at du har blitt smitta til dei du har vore i nærleiken av – utan at dei får vite at det er deg.

Den nye Smittestopp-appen lagrar berre dataene på telefonen. Andre vil derfor ikkje kunne sjå kvar du har vore. Det er ikkje mogleg å identifisere deg med bakgrunn i dataene som appen samlar inn. Sidan appen berre nyttar bluetooth er han også snillare med batteriet til mobilen din.


Det er ikkje naudsynt å gå i karantene om du får melding frå appen at du har vore i nærleiken av ein smitta person. Signalane mellom telefonane kan nemleg gå gjennom veggar. Det vi ber deg om er å ta ein covid-19 test. Det gjer du ved å kontakte legesenteret.

Det er frivillig å bruke appen. Det er også frivillig å melde i frå via appen om du er smitta.

For å lese meir om appen og laste han ned, gå inn på denne sida hos Folkehelseinstituttet.

Sjå video under om korleis appen fungerer: