Bli med og spleis på fellesfyrverkeriet på nyttårsaftan!

I år som i fjor og åra før, blir det fellesfyrverkeri på nyttårsaftan.

Gi ditt bidrag på Vipps 582357 eller konto 4093 63 35081 

Fyrverkeriet blir skote opp frå indre molo klokka 22 på nyttårsaftan.

Fellesfyrverkeriet er eit spleiselag mellom privatpersonar og næringsliv*, der Hareid kommune bidreg med organisering og promotering. Målet er å samle inn 65.000 kroner.**

Slik kan du bli med på spleiselaget:

  • Vipps: 582357
  • Konto: 4093 63 35081

På førehand tusen takk!

Vis di interesse for fellesfyrverkeriet ved å trykke deltek på Facebook-hendinga vår. Dess fleire du delar den med, dess større beløp kan vi samle inn.

Spørsmål? Send e-post til kommunikasjonsansvarleg Erlend Friestad.

* Vi informerer på nettside og Facebook om alle verksemdene som bidreg. Dersom verksemder nyttar Vipps til å betale inn, må dei sende oss ei melding/e-post å gjere oss merksame på at summen kjem frå ei verksemd og ikkje ein privatperson.

** Vi har ein buffer frå i fjor, og det er bra, sidan vi må bestille fyrverkeriet allereie i februar. Dersom vi etter innsamlinga i år ser at vi har ein buffer som er større enn vi treng, ønsker vi å nytte dette overskotet til andre felles trivselstiltak/hendingar i kommunen. Kva dette eventuelt blir, må vi kome tilbake til på nyåret.