Blir det hundepark på Geilane?

Torsdag 23. mai skal kommunestyret ta stilling om dei vil gå vidare med innbyggarforslaget om hundepark på Geilane.

Klikk for stort bileteFoto: Matthias Zomer/Pexels

Viss du har ei sak du brenn for, kan du ved å samle inn nok underskrifter, gjere at kommunestyret må ta stilling til saka di. Det gjorde Runa Mork. Ho vil ha hundepark på Geilane og i februar samla ho inn 139 underskriftar frå innbyggarar i Hareid for hundepark.

Paragraf 39 a i Kommunelova seier at kommunestyret må ta stilling til ei sak om innbyggarar samlar inn underskriftar tilsvarande 2 prosent av innbyggartalet. Innbyggarar i Hareid kommune treng då å samle inn 103 underskrifter.

Til kommunestyret har administrasjonen levert ei tilråding med to alternativ:

  • Kommunestyret ønsker at administrasjonen skal arbeide vidare med forslaget
  • Kommunestyret ønsker ikkje å ha hundepark

 

Ander saker som skal opp i kommunestyremøtet 23. mai 2019:

  • Kartlegginga av friluftsområde i Hareid kommune blir lagt fram for politikarane
  • Venstre, ved Annika Brandal og Jenny Helen Korsnes, har levert ein interpellasjon om å nytte verktyet barnetråkk i samband med trafikktryggingplanen. Barnetråkk er eit undervisningsopplegg utvikla av Norsk design- og arkitektursenter har, i samarbeid med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Universitetet i Bergen. «I samband med arbeidet som no er starta opp med trafikktryggingsplan, og seinare arbeid med kommuneplanen, er det viktig at alle aldersgrupper vert hørt. Dette kan vere ei utfordring, spesielt for dei yngste. Borna har behov for eit stort bevegelsesrom, trygg skuleveg og dei har meiningar om sine omgivelsar. Born og unge har lovfesta rett til medverknad, men det er ofte vanskleg å gjennomføre i praksis», skriv Brandal og Korsnes.
  • Truls Håbakk (Frp) har meldt flytting til Oslo. Han er derfor ikkje lenger valbar til folkevalde organ i Hareid kommune. Kommunestyret må derfor velje nye representantar til dei setene Håbakk har hatt permisjon frå.
  • Helseplattformen. Regjeringa har som mål at kvar nordmann skal ha éin pasientjournal som kan vere tilgjengeleg på tvers av helseinstitusjonane. Helse Midt-Norge skal vere regionalt utprøvingsområde, og mogleg startpunkt for ei felles, nasjonal løysing. Hareid kommune må ta stilling til om dei vil nytte opsjonsavtalen for å vere med i prosjektet i ein tidleg fase – og dermed kunne påverke sluttresultatet.