Boosterdose til alle over 45

No får alle over 45 år som det har gått minst 5 månader sidan 2. dose tekstmelding om at dei kan bestille time via c19.no.

Pexels   

Vi sender ut tekstmelding fortløpande når det har gått 5 månader sidan 2. dose om tilbod om 3.dose.

Alle som berre har fått éi dose skal ha fått time til 2. dose, men om ein av ulike årsaker ikkje har fått 2. dose, ta kontakt på telefon 468 34 785

Elles oppmodar vi også alle som ikkje har teke koronavaksine av ulike grunner fram til no og ønsker å vaksinere seg om å ta kontakt på tlf 468 347 85.

Vi har sett opp ein ekstra vaksinedag måndag 20/12 i tillegg til onsdag 15/12. Det vert ingen vaksinering på helsestasjonen i romjula.