Boss, bobler, ballongar og blomar

Barna ved dei fire barnehagane i Hareid kommune fekk stimulert nysgjerrigheita si under Barnehagedagen 2019. Temaet var for dagen var «Eg lurar på…».

Klikk for stort bileteGnist Holstad barnehage eksperimenterte med olje, vatn farge og brusetablettar. Gnist Holstad

Den 12. mars vart barnehagedagen 2019 arrangert. Det er Foreldreutvalet for barnehagar (FUB), Fagforbundet og Utdanningsforbundet som står bak markeringa, og i år var det 15. gongen den blei arrangert. Den har vore markert over heile landet for å synleggjere kvaliteten i dei norske barnehagane.

Slagordet for Barnehagedagen 2019 var «Eg lurer på…» Det står i rammeplanen (Utdanningsdirektoratet 2017) at barna skal få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Borna skal få bruke heile kroppen og alle sansar i læringsprosessane sine.

Her får de sjå litt korleis barnehagane i Hareid kommune markerte Barnehagedagen 2019, og eit innblikk i korleis vi på ulike måtar undrar oss i lag med borna. Samt korleis vi stimulerar borna si nysgjerrigheit i ulike aktivitetar og læringsprosessar.

 

Syverplassen barnehageKlikk for stort bileteAndrea Øien Sæverud frå SSR lærte barna at søppel ikkje er søppel, men kan brukast til å lage nye ting. Syverplassen barnehage

Trudde du at søppel er kjedeleg og ekkelt? Det kan vi i Syverplassen stadfeste er heilt feil. Det er nemleg kjempespennande.

Målsettinga vår for mars månad er å skape engasjement og ei gryande interesse for kjeldesortering og gjenbruk. Vi har undra oss mykje i det siste, særleg over alt vi kastar i bosskorgene. Kvar vert det av? Kunne vi brukt noko av det?  Kva skjer med det vi kastar i bossbilen?

Vi inviterte kommunikasjonsansvarleg i Søre Sunnmøre reinhaldsverk, Andrea Øien Sæverud, og ho kom og fortalde om kva som faktisk skjer med glas, plast, metall, papir og matavfall vi leverer inn. Ja, vi fekk mykje å undre oss over; Tenk at eitt bananskal gjev biogass til at ein bil kan køyre 100 meter, eller at innsamla glas vert brukt til Glasopor.  Glasopor kan sjå ut som gråstein, men vi fekk kjenne at den er like lett som isopor ,- og vert brukt som byggjesteinar under asfalten, når vi lagar nye vegar. Vi kjem til å hugse at kvar gong vi kastar mat i rett korg, vert dette gjort om til mold og gjødsel,- noko som er viktig for at vi skal kunne få dyrke og ta vare på jorda vår vidare.

Andrea Øien Sæverud viste oss på ein tydeleg og fengande måte kva som skjer med fugl og fisk når dei finn alt boss som vi kastar frå oss i naturen.

 

Hareid barnehageKlikk for stort bileteKva skjer viss ein blandar eddik og bakepulver? Det fekk barna i Hareid barnehage svar på. Hareid barnehage

Rammeplanen (ibid, 2017) seier at barnehagen skal leggje til rette for at barna skal vere nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen. Og ein del av det pedagogiske arbeidet vårt inneber at borna skal få oppleve, utforske og eksperimentere med naturfenomen og fysiske lover saman med dei vaksne.

Ballongar er noko alle born likar, også borna i Hareid barnehage. På barnehagedagen tenkte vi å bruke andre ting enn lufta i lungene våre, for å blåse opp ballongane. Vi gjekk i kjøkkenskapa og fann ingrediensar vi kunne lage eksperiment med. Ved å bruke eddik og bakepulver klarte vi å blåse opp ballongar med gassen karbondioksid. Borna var veldig spente og undra seg over prosessen heilt frå starten. Borna spurte spørsmål som «Kva skal først i flaska?, «Skal det kvite mjølet oppi flaska?» Vi hadde først eddik i flaska, så bakepulver i ballongen og festa den til flaska. Då fall bakepulveret ned i eddiken i flaska. Borna la til merke at det begynte å boble og bruse, og sakte begynte ballongen å vekse. Borna undra seg på forskjellige måtar under eksperimentet. Eit barn sa det lukta promp og eit anna barn ropte «Sjå, kvite bobler ut av ballongen!». Nokre born synes det var litt skummelt og ville studere eksperimentet på avstand og andre undra seg ved å føle og knipe på ballongen. Ein spennande og morosam måte å blåse opp ein ballong på.

 

Bigset barnehageKlikk for stort bileteBigset barnehage laga lavalampar. Bigset barnehage

I rammeplanen (ibid) står det at personalet skal vere merksame på interessene og engasjementet til barna og leggje til rette for læring i ulike situasjonar og aktivitetar. I Bigset Barnehage fordjupar vi oss i eit tema kvar februar månad. Då tek vi utgangspunkt i borna sine undringar og interesser, og har valt tema ut frå dette. Dei tre avdelingane har då ulike tema, for borna har ulike interesser. Ofte utvidar dei temaet ein månad til, for det er så spennande.

Storbarnsavdelinga vår, Lurvelegg, har hatt tema vatn, og eksperimentert på ulike måtar. Vi har hatt vatn og farge i hanskar som vi heng opp ute. Nokre dagar er dei frosne og andre dagar er dei smelta. Kva er det som gjer dette?

Moglegheitene er store når vi leikar med vatn. Vi tok utforskinga vidare til barnehagedagen. Denne dagen eksperimenterte vi blant anna med å farge kvite blomar, vi blanda fargar og vi hadde varmt vatn på Skittles drops. Ikkje alle eksperimenta gjekk slik vi tenkte, sjølv om vi hadde gjort slik vi skulle. Borna undra seg over kvifor vi ikkje fekk blomane til å ta farge. Eit barn spurte «Har vi hatt nok farge i?», eit anna barn meinte at årsaka kunne vere at blomane ikkje var tørste. Nokre eksperiment er så imponerande at vaksne og born berre står att med eit «Wow, kan vi gjere det ein gong til?»

 

Gnist holstad, avd. HovdenakkenKlikk for stort bileteKva skjer om du puttar brusetablettar i farga vatn og olje. Eit interessant og spennande eksperiment i Gnist barnehage Gnist barnehage

I rammeplanen (ibid, 2017) står det at i barnehagen skal barna oppleve stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Vi skal skape nysgjerrigheit og legge til rette for undring. På barnehagedagen valde vi på avdeling Hovdenakken å ha fokus på eit utval fysikk eksperiment. Barna på avdelinga undrar seg ofte over mykje og dei likar å utforske ting.

Denne dagen laga vi lavalamper i store glas. Vi blanda olje, vatn og konditorfarge og putta ein brusetablett i blandinga. Då var det plutseleg mykje som skjedde på ein gong!! Det bobla og brusa lenge og spørsmåla som følgde brukte vi tid på å snakke om. Å sette ord på det som skjer og å undre seg i lag med borna er viktig. Vaksne som er språkleg aktive i samspel med borna er fokuset vårt i kvardagen. Vi eksperimenterte også med fargar ved å blande mjølk og konditorfarge og bryte opp blandinga ved å tilsette dråpar med zalo. Reaksjonen vart eit fyrverkeri av fargar. Til slutt putta vi druer i ei flaske med farris og undra oss over druene som dansa i flaska. Ein barnehagedag i fysikken sitt namn på Hovdenakken denne gongen.

 

Barnehagedagen 2019 var ein spennande og innhaldsrik dag for barnehageborna i Hareid kommune. På ulike måtar Klikk for stort bileteDet var stor stas då barna sjølve kunne kaste papiravfall i bossbilen då han kom til Syverplassen. Syverplassen barnehage har vi undra oss om fargane, eksperimentert med ulike naturfenomen og fysiske lover og fått kjennskap til berekraftig utvikling. Personalet i alle  barnehagane har lagt til rette flotte og varierte pedagogiske aktivitetar, som har stimulert nysgjerrigheita til barna. Dagen har gitt oss gode samspel mellom voksen-barn og barn-barn. Vi har lurt på mykje saman, stilt undrande spørsmål, fått spennande svar og ny kunnskap. Læringsprosessane frå denne dagen har skapt glede og ny forståing hos borna. Den nye kunnskapen tek dei vare på og brukar den til å utvikle og forenkle andre læringsprosessar i samfunnet som dei møter seinare i livet. Og tenk, alt starta med at vi lurte på noko.