Bruk av fotballbaner, ballbingar og leikeplassar i Hareid kommune

Hareid kommune legg stor vekt på å avgrense spreiinga av koronaviruset. Samstundes er vi opptatt av god folkehelse, og ønsker at våre innbyggarar er i fysisk aktivitet. Derfor har kriseleiing opna for avgrensa bruk av banene og leikeplassane våre.

Klikk for stort bileteVi ber om at alle som nyttar leikeplassar og fotballbaner i kommunen, følger råda og retningslinjene for å hindre smittespreiing. 

Retningslinjene under er basert på dei nasjonale råda frå Helsedirektoratet og gjeld derfor alle. Kommunen vil henge opp plakatar på sine anlegg. Vi oppmoder private aktørar til å gjere det same. Plakatane kan lastast ned her. (PDF, 183 kB)

Følg Hareid kommune på Facebook eller abonner på nyheitsbrevet vårt.

Fotballbaner:

  • Store fotballbanar blir delt i fire. Mindre fotballbanar til, dømes ved skulane, må delast i to. Ein må nytte tilgjengeleg sperremateriell, som kjegler og band. Vaksne følgjepersonar har ansvar for å sikre dette. 
  • Per del skal det maksimalt vere fem personar. Minst éin av desse skal vere ein vaksen som er ansvarleg for at gruppa held seg til reglane
  • Alle må halde minst to meter avstand. Derfor er duellar ikkje lov. Heading er heller ikkje tillatt.
  • Host i albogen og nytt handsprit
  • Personer med symptom på luftvegssjukdom skal halde seg heime

Ballbingar:

  • Per binge er det lov med fem personar
  • Elles same reglar som fotballbaner.

Leikeplassar:

  • Fem personar per gruppe og minst to meter avstand per person*
  • Det skal vere minst éin vaksen per gruppe. Denne personen er ansvarleg for at gruppa følger reglene.
  • Host i albogen og nytt handsprit
  • Personer med symptom på luftvegssjukdom skal halde seg heime

* Gjeld ikkje om personane er frå same husstand

Kriseleiinga i Hareid kommune er avhengig av at reglane blir følgde. Vi vurderer fortløpande om ordninga fungerer og vil kome med justeringar om det blir naudsynt.

Hald deg oppdatert på koronasituasjonen i Hareid kommune på bit.ly/koronaportal.

På generelt grunnlag ber vi alle føresette til å sørge for at barn er i aktivitet, og samstundes passar på at retninglinjene frå nasjonalt hald blir følgt.