Byggebørsen 2018

 Klikk for stort bilete

25. oktober inviterte Næringsforeninga i Ålesundsregionen til «Byggebørsen 2018»- Sunnmøre sin største møteplass for eigedom-, bygg- og anleggsbransjen,samt kommunale beslutningstakara og mynde.

Hovudtema var Prosjektet og bygget i sin livssyklus.

Dagen starta med eit høgt fagleg innhald levert av ei rekke svært dyktige innleiarar som omhandla mellom anna BREEAM, prosjektering og bygging, forvaltning, drift og vedlikehold. Siste halvdel av dagen fekk vi ein presentasjon av bygge-og anleggsprosjekt i dei utvalgte kommunene Ålesund, Stranda, Sula og Hareid. Her ser vi Ordførar Anders Riise som heldt eit flott foredrag om alt det spennande vi kan sjå fram til i Hareid kommune.