Covid: Personar over 75 og sjukeheimsbebuarar bør ta ny vaksinedose

Regjeringa følgjer råda frå Folkehelseinstituttet (FHI) og anbefaler derfor alle over 75 år og dei som bur på sjukeheim å ta ein oppfriskingsdose med koronavaksine.

pexels.com

Ein ny dose vil vere særleg aktuelt for dei som ikkje har vore sjuke med korona tidlegare eller som har fleire underliggande risikofaktorar.

Det også bør ha gått meir enn 6 månadar sidan førre vaksinedose.

Kvifor oppfriskingsdose?

Dei fleste over 75 år er vaksinert med fire dosar, men effekten blir mindre etter kvart som tida går. Sidan det er dei eldste som er mest utsett for alvorleg sjukdomsforløp av korona, meiner FHI at desse bør ta ein ny dose no. Det vil gjere dei eldre betre rusta mot ein eventuell, ny smittetopp i perioden fram mot neste vintersesong.

Alvorleg svekka immunforsvar

FHI meiner at det ikkje er naudsynt med eit generelt råd til personar med alvorleg nedsett immunforsvar om å ta vaksine. Men dersom behandlande lege, med god innsikt i pasientens helsetilstand og livssituasjon, meiner det er naudsynt kan dei likevel få dose. Pasient må i so fall ta med dokumentasjon frå lege til vaksinasjonstimen.

Slik får du vaksine

Bebuarar på sjukeheim vil få tilbod om vaksinen på sjukeheimen.

 

Fyrste vaksinasjonsdag i Hareid er 19. april.

Hareid samarbeider også med Ulstein kommune som har vaksinasjonsdag 27. april. (20. april er fullbooka)

Andre må sjølv bestille tid.

Det kan de gjere på to måtar:

  • Gå inn på c19.no og bestill vaksinetime der.
  • Alternativt kan de ringe 46 83 47 85 mellom 08:00-15:30. (Hareid)
  • Dei som vil ha time på ein av Ulstein kommune sine datoar kan kontakte dei direkte på 47 75 47 74

Alle over 75 år vil få ei påminning på tekstmelding.