Då skal det kostast og feiast!

Strøgrus og støv frå vinteren skal bort til 17. mai. Vi har allereie starta arbeidet.

Nærbilete av feiemaskin. - Klikk for stort bilete Pexels.com/Boris Hamer

Vi ber alle innbyggarar parkere utanfor kommunal veg fram til deira gate er kosta. Då blir jobben lettare for dei som er ansvarlege for rodene og dei tilsette i kommunalteknikk.

Sidan det er ganske tørt, vil det også kunne bli ein del støv som kan kome inn opne vindauge som er nær vegane i sentrum.