Då var endeleg «Spar-krysset» opna for trafikk!

Den midlertidige avkøyringa mot nord blir stengt fram til arbeidet utanfor Spar og T.Rise skal starte.

Klikk for stort bileteNo kan bilistar igjen nytte Spar-krysset. Harald Berstad/Hareid kommune  

Dette ser vi føre oss å starte på etter nyttår når været tillater det. 

Vi vil framover legge vekt på å få ferdig det meste av området rundt Helsehuset og Rosabygget fram til nyttår. Kjøpmannsgata forbi Helsehuset vil framleis vere stengt.