Del dine 17. mai-bilete og -filmar med oss!

Sidan vi ikkje kan samlast alle, kan det vere kjekt å vise andre korleis din nasjonaldagsfeiring er.

Klikk for stort bilete Kjell Jøran Hansen  

Du kan dele dine bilete og filmar på to måter, og gjerne begge stader:

  1. I dette Facebook-arrangementet i privat regi – kan du legge inn bilete og film med helsingar til naboer, kjende og familie. Film din nasjonaldag og gratuler dine medinnbyggarar med dagen!
     
  2. Hareid kommune skal sende ein 17. mai-kavalkade på nett og Facebook på kvelden. Her vil vi samle saman videoar og bilete frå feiringane rundt om i kommunen. Sjå lenger nede for korleis du sender inn.

Slik sender du inn bilete og film til 17. mai-kavalkaden:

  • Filmar og bilete må vere i breddeformat (liggande).
  • Viss du filmar, la klippet vere minimum 20 sekund.
  • Alle som er med på film/bilete (om det ikkje er av ein forsamling/tog/korps/kor eller liknande) må samtykke til at klippet blir brukt i 17. mai-kavalkaden. Den blir sendt på Hareid kommune si Facebook- og nettside og distribuert til media.*
  • Du sender inn bilete og film via wetransfer.com. Det er ikkje naudsynt å registrere seg eller opprette konto. E-post-adressa du skal sende til er lill.marte.apelseth@gmail.com.

Her kan du sjå 17. mai-programmet for Hareid kommune.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.


Dei enkelte filmklippa vil bli sletta når kavalkaden er publisert. Samtykket til publisering i kavalkaden kan ikkje bli trekt når filmen er ferdig.