Desse får kulturmidlar våren 2019

Levekårsutvalet har bestemt at sju organisasjonar og lag får kulturmidlar våren 2019.

Klikk for stort bilete

Det var i møtet 24. april av Levekårsutvalet gjorde tildelinga.

Dei som har fått støtte er (tildelt sum i parentes):

  • Annai poopathai tamilsk kultursenter – ytre sunnmøre (kr 2 000,-). Dei søkte om støtte til kulturell samling for aldersgruppa 3-25 år
  • Hareid Sanitetslag (kr 33 000,- ). Dei søkte om pengar til drift og reopning av varmtbadet.
  • Brøytekant (kr 8 000,-) Bandet søkte om midlar til å kjøpe band-/musikkutstyr og leige av øvingslokale.
  • Sunnmøre Kammermusikkfestival kr (10 000,- ). Dei søkte om støtte til årets festival, med fokus på unge musikarar og talent i eige nærmiljø.
  • Hjørungavåg KFUK/KFUM (kr 13 000,-).  Dei søkte om støtte til å etablere ein stad i skogen med gapahuk og lavvo
  • Hareid mållag (kr 5 000,-). Dei får pengar  til «abmulerande bibliotek» med nynorske barnebøker som barnehagane kan låne gratis. 1
  • Hareidlandet Triatlon kr (4 000,-). Dei søkte om støtte til Hareidsdølen triatlons familieaktivitetsdag

Her kan du sjå oversikt over dei andre søkarane.

Neste moglegheit for å søke kulturmidlar er 1. september. Sjå her for meir informasjon og retningslinjer.