Det blir fellesfyrverkeri i år også!

Tredje gongen er det tradisjon. I år som i fjor, blir fellesfyrverkeriet eit spleiselag mellom kommunen, næringsliv og innbyggarar.

Klikk for stort bileteGi ditt bidrag på Vipps 582357 eller konto 4093 63 35081  

Dersom du vil gi eit bidra, kan du vippse eller sette inn pengar på konto:

Vipps: 582357

Konto: 4093 63 35081

Innsamlingsmålet er 60.000 kroner. Viss det tidleg i desember ser ut til at vi når dette, kan vi legge inn ei ekstra bestilling slik at fyrverkeriet blir endå flottare.

Fyrverkeriet blir skote opp frå indre molo kl 22 på nyttårsaftan.

Vis di interesse for fellesfyrverkeriet ved å trykke deltek på Facebook-hendinga vår. Dess fleire du delar den med, dess større beløp kan vi samle inn.