Det blir fotballhall

Kommunestyret vedtok 11. april å utvide ramma til ny fotballhall til 29,5 millionar.

Klikk for stort bilete

Vedtaket om utvidinga blei gjort mot ei stemme. Eit samrøystes kommunestyre la også til to ekstra punkt samanlikna med tilrådinga frå byggenemnd og formannskap. Dermed blir vedtaket sjåande slik ut:

«Hareid kommunestyre vel å gå vidare med bygging av fotballhall og tildele kontrakt på bygging av fotballhall med ein total kostnadsramme  på inntil kr 29.500.000,-  Meirkostnaden vert å dekke inn med auka leigeinntekter på sal av reklameplass og auka låneopptak.

Kommunestyret føresett at Hareid IL leiger reklameplass for  kr 825.000,- pr år i 10 år.

Hareid kommunestyre viser til brev fra Hareid Idrettslag og forutsett at idrettslaget blir teke med på råd og får innsyn slik dei krev i brev av 31.03.2019»

Byggenemnda er heilt i sluttfasen med å inngå kontrakt med dei som skal bygge hallen.

Heile protokollen frå møtet, kan du lese her.

Sjå heile møtet i opptak her: