Oppdatert 25.10. Oppgradering av vegar i Hareid - kva er status - og kva er nytt?

Hareid Kommune ønskjer å takke for all velvilje og tilpasningar til vegarbeidet som pågår.  Det vert sendt ut sms fortløpande til aktuelle husstandar.

Bilete viser vegarbeidar og gravemaskin i arbeid på veg - Klikk for stort bileteMange kommunale vegar vert oppgradert - vi håper folk blir nøgde med arbeidet som vert gjort! shutterstock
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Liavågvegen/Ovravegen

Pågåande arbeid med avslutning i veke 43
Volda Maskin har no bevega seg til Hjørungavåg, er allereie ferdige med gravearbeidet i Liavågvegen og er i gong med arbeidet på Ovravegen. Det vert asfaltering der i slutten av veke 43.

Veg frå Eidet opp til SSR

Oppstart veke 43: 
Vegstykket er svært slitt og difor skal det gamle berelaget erstattast med nytt, før det får to lag asfalt på toppen. Breidda blir utvida, frå 4,5 meter på det smalaste no, til 5 meter på det smalaste.  Aurvoll og Furesund har kontrakt på gravearbeid og utbetring av berelag, samt grøftereinsk. Ny asfaltering vert utført av NCC.

Arbeidet vil medføre at siste opningsdag på greinplassen er onsdag 26.10 - altså nokre dagar før greinplassen egentlig stenger for sesongen.


Dei som treng å levere hageavfall kan levere på miljøstasjonen i Saunesmarka i opningstida. 

Fram til månadskiftet november/desember må alle som vanlegvis køyrer opp frå Eidet for å ta seg ein fjelltur på Hasundhornet og Hovdenakken heller køyre om Haddal. På kvardagar i arbeidstid skal ein ikkje bevege seg i området på grunn av anleggsarbeidet.

På kveldstid og i helgene kan den som vil få seg litt ekstra trim parkere på den store parkeringsplassen ved kommunegrensa på Eidet og ta beina fatt, dersom ein trår varsamt forbi anleggsområdet.

Artikkel i Vikebladet om oppgradering av vegen på Eidet (for abb.)
Informasjon frå SSR 

Torkelvegen/Brandal 

Oppstart veke 43:
Oppgradering av delar av Torkelvegen i Hareid, samt delar av Pe-vegen i Brandal. Vidare vert det oppstart i Øvstevegen og Almestadbakken i Brandal.

Utbetringar Alme

Oppstart veke 42. Varigheit: 5-6 veker 
Vi har inngått kontrakt med Bigset Maskin om å utbetre dei fire dårlegaste vegstykka i Almevegen. 
I denne vegen skal berelaget bytast ut på fire område og Bigset Maskin startar med arbeidet inst på Alme denne veka.

Det vert behov for å stenge vegen i perioder av døgnet, men busstidene vil vere som vanleg.

Opningstider for biltrafikk i Almevegen i anleggsperioden:

Opent:
Frå kvelden kl. 20.30 og fram til morgon kl. 07.30
Frå kl. 14.00 til 14.30 (ein halv time midt på dag)
Frå kl. 16.00 til 17.00 (ein time på ettermiddag)

Stengt:
Kl. 07.30 - 14.00
Kl. 14.30 - 16.00

Kl. 17.00 - 20.30

Utbetringar Hjørungdal

Oppstart veke 42. Varigheit: 5-6 veker 
Likeeins er det inngått kontrakt med Nord-Berg AS om grøfting og skoging i Hjørungdal.

I Hjørungdalen vert det måndag 24. oktober behov for å stenge vegen fordi det kjem korgbil som skal ta ned ein del høge tre i siktsona før tunnellen. Det vert også behov for å stenge vegen ein dag seinare på grunn av byte av stikk gjennom vegen, samt asfaltering.

Tilgongen til hyttefeltet på Engjaskaret er open, men ein må rekne med noko ventetid.

NCC vil asfaltere både i Almevegen og Hjørungdalen etter ferdigstilling. 

----
Nokre ulemper vil ein måtte rekne med i alle desse anleggsperiodane, som t.d. støy og begrensa adkomst/parkering. Vi håper at ny og god veg i mange år framover veg opp for desse ulempene!