Det skjer i Hareid!

Hareid kommune lanserer arrangementskalender for alt som skjer i kommunen vår.

Klikk for stort bilete  

Kvar veke er det mange hendingar i kommunen vår, men det finns i dag ingen samla plass å få oversikt over dei på.

Hareid kommune får regelmessig spørsmål om vi kan promotere arrangement på vår nettside eller Facebook. Vi har vore restriktive og svart nei til alle slike førespurnader der kommunen ikkje har vore medarrangør. Det skuldast at det har vore vanskeleg å sette grensa ein annan stad, og vi har heller ikkje hatt ei teknisk løysing eller kapasitet til å seie ja til alle. Til no!

Denne veka lanserer vi Facebook-sida «Det skjer i Hareid». Her kan alle som har eit arrangement publisere/dele sine arrangement. Døme kan vere foredrag, fotballkamp, konsert, inspirasjonsmøte, kviss, utstilling med meir.

Sida vil vere opa for alle offentlege arrangement som skjer innafor Hareid kommune sine grenser og som ikkje er reine kommersielle arrangement eller medlemsmøter ol..

Sida vil då få ein god oversikt over aktuelle arrangement i kommunen. Dei som likar Facebook-sida «Det skjer i Hareid» kan få varsel når det blir lagt til eit nytt arrangement. Kalenderen vil også bli profilert på heimesida til Hareid kommune.

Del denne artikkelen med din organisasjon, lag mm., slik at dei også kan få promotere dykkar arrangement. Gå også inn på FB-sida [lenke FB] og inviter vener til å like sida.

Vi håpar denne kultur- og aktivitetskalenderen kan vere med å synleggjere alt det flotte frivillige arbeidet i kommunen vår.

Her kan du lese dei fulle retningslinjene og oppskrift på korleis du publiserer eit arrangement.