Distrikstannklinikken til Hareid

– Eg er svært glad, seier ordførar Anders Riise som fekk fylkestinget med på at distriktstannklinikken skal ligge på Hareid.

Klikk for stort bileteTomta til helsehuset er klar for bygging. Arbeidet startar i januar 2018.

Saka var oppe i fylkestinget på måndag. I tilrådinga hadde fylkesrådmannen kutta dei sju millionane som var tenkt til etableringa av distriktstannklinikken på Hareid. Eit slikt kutt ville ført til at etableringa av klinikken i helsehuset ville bli lagt på is.

Hareid-ordførar Anders Riise, som også sit i fylkestinget, foreslo at ein skulle ta dei sju millionane inn på budsjettet igjen. Det fekk han fylkestinget med på (29 mot 18 stemmer).

– Eg er sjølvsagt svært glad for dette og takkar fleirtalet i fylkestinget for denne viktige støtta. Dette betyr mykje for vårt prosjekt. Ikkje minste er det bra at dei tilsette og brukarane av tannklinikken får ei avklaring, seier Anders Riise.

No kan Hareid kommune gå vidare saman med fylkeskommunen om å etablere den nye tannklinikken. Planen er at helsehuset skal stå klart i 2020. Arbeidet med bygget starter allereie over nyttår.