Draumepåske for Stikk UT Vinter – rekord for ski

Skiløpar i Hareidsfjella. Det er fint ver. Sunnmørsalpane i det fjerne. - Klikk for stort bilete

Påska markerte slutten for vinterens Stikk UT-sesong. I Hareid var det 1217 registrerte turar, og 178 aktive deltakarar den fyrste vintersesongen!

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

10 000 turgåarar har deltatt på Stikk UT Vinter i fylket i år, og totalt er nesten 150 000 turar registrert i årets sesong. Heile 22 000 turmål blei registrert i påsken

43 000 skiturar vart registrert gjennom vintersesongen – og det er ny rekord!
Det vart registrert om lag 20 000 færre turar i år enn i rekordåret 2022, men friluftsråda er godt fornøgde med deltakinga. For friluftsråda, som saman med sine medlemskommunar, står bak Stikk UT, er målet at fleire skal komme seg ut og oppleve gleda av å vere i aktivitet ute.

 – Vi byr på det enkle friluftslivet der det å gå seg en tur i nabolaget er like mykje verd som ein langtur på ski, seier Liv Synnøve Hoel frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er prosjektleiar for Stikk UT.

LES OGSÅ: Ordførar inviterer til lærerik og sosial tur

Livskvalitet

Gode møte mellom menneske og natur fremmar helse og livskvalitet, og arbeidet som blir gjort med å leggje til rette for uteaktivitet er derfor veldig viktig.

– Vi rettar ei stor takk til Møre og Romsdal Skikrets, idrettslaga, Stikk UT-kontaktane og dei frivillige rundt i kommunane som har vore med på å leggje til rette for dei 300 turmåla i årets vintersesong. Og ikkje minst så fortener alle som har brøyta parkeringsplassar og køyrt opp fantastiske skiløyper i vinter ei stor takk, seier Hilde Ellingsæter, Stikk UT-ansvarleg i Sunnmøre Friluftsråd.

– Det blir lagt ned ein enorm dugnadsinnsats i regionen vår for at det skal vere enkelt for folk flest å komme seg ut og på tur og nyte det beste livet har å by på, slår Hoel og Ellingsæter fast.

LES OGSÅ: Bli med på aktiv og miljøvenleg vår og sommar

Sommarturar kjem 20. april

No ser friluftsråda fram mot sommarsesongen. Stikk UT!-kartet kjem som vanleg i posten til alle husstandar i Møre og Romsdal og Heim i Trøndelag i slutten av april. Dette er ein invitasjon til alle innbyggarane om å bli med ut på tur. Dei om lag 520 turmåla til sommarens Stikk UT blir lansert 20. April, og sesongen startar 1. mai. Det er berre å glede seg!