Driftsutfordringar i skular og barnehagar på grunn av smittetopp

Det er mykje smitte i skular og barnehagar. Mange tilsette er sjuke, og det gjer at vi ikkje alle stader klarer å gi det tilbodet vi ønsker.

 

Smittetrykket er ulikt frå skule til skule, trinn til trinn og barnehage til barnehage. Situasjonen utviklar seg også frå dag til dag. Vi veit ikkje kor mange tilsette og barn som kjem kvar dag. Barna er kortare og lettare sjuke enn dei tilsette. Vi slit også med å få tak i vikarar. Reknestykket går derfor ikkje opp.

Skule

På enkelte skular og enkelte trinn er det svært stort fråvær. Vi vil strekkje oss langt for å gi eit så normalt tilbod til barna som mogleg. Det kan likevel hende vi må gå til skrittet om å gi heimeskule. Dette vil i so fall gjelde frå 5.-10. trinn.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Vi vurderer dagleg og kvar morgon om vi greier oppretthalde forsvarleg drift i skule og SFO sjølv med høgt fråvær blant dei tilsette. Med forsvarleg drift meiner vi nok vaksne på kvart av trinna til å ivareta behovet for tilsyn, slik at vi kan syte for eit trygt og godt skulemiljø.

Per i dag har vi ikkje personale nok til å gi særskilt oppfølging for barneskuleelevane som er heime og sjuke. Dei må arbeide med det som ligg på vekeplanen som dei finn i Showbie og levere det i mappa «heimearbeid».

Barnehage

For barnehagane sin del må vi vurdere redusert opningstid for å ha nok tilsette til stades. Også her må føresette rekne med at det pedagogiske tilbodet blir redusert.

Vegen vidare

Dersom det blir aktuelt med endringar, vil vi informere dei føresette direkte på dei skulane/trinna/barnehagane som blir råka. Vi gjer så godt vi kan, men ber om forståing for at vi i tida som kjem ikkje alltid vil klare å gi det tilbodet vi ønsker.

Per no køyrer vi på grønt nivå i skular og barnehagar. Det kjem vi til å halde fram med. Smittevernreglane og råda i resten av samfunnet er tatt ned til eit minimum. Vi vurderer det derfor dit at det ikkje vil ha noko effekt å heve tiltaksnivået på berre skular/barnehagar. Vi er også avhengige av fleksibiliteten som grønt nivå gir, for å kunne la tilsette jobbe på tvers av trinn/avdelingar og eventuelt slå saman trinn/avdelingar.

Dei neste vekene kjem nok til å bli ganske humpete, men håpet er at på den andre sida av bølga er vi «ferdige» med pandemien.