Drop in-vaksine med moderna

Det er indikasjonar på at Moderna-vaksinen mot covid-19 gir betre beskyttelse enn Pfizer-varianten. No kan du få Moderna også i Hareid - og du treng ikkje bestille time.

Pexels.com/ Mufid Majnun  

Årsaka til den sterkare verknaden er mellom anna at han har meir verkestoff per dose enn Pfizer. Ein norsk studie tyder også på at det å ta fleire typer vaksinar også gir betre beskyttelse fordi breidda av antistoff blir større.

Enkelte har rapportert om kraftigare biverknadreaksjon etter Moderna-varianten (slappare, meir sjukdomskjensle, feber etc). Det kan skuldast at det er meir verkestoff i vaksinen. Om dette er enkelttilfelle som ville fått reaksjon uavhengig av type er ikkje dokumentert.

Det er Hareid legesenter som vaksinerer med denne typen. Dersom du ønsker å få Moderna i staden for Pfizer kan du bestille denne typen via legesenteret. Ring i so fall på 70 30 70 70.

Vaksinedagar ved legesenteret

  • onsdag 12. januar klokka 14-16
  • torsdag 13. januar klokka 1430-1530
  • torsdag 20. januar klokka 14-16

Det er også mogleg å kome på drop in time.

Dei som følgjer det "vanlege" covid-vaksinasjonsprogrammet blir vaksinert på helsestasjonen med Pfizer-varianten.

Følg med på koronasituasjonen i Hareid kommune på vår koronaportal

Alle som ønsker Moderna-vaksine er velkomne – også dei som ikkje har tatt vaksine før, men merk:

  • For å ta andre dose, må det ha gått minst 3 veker etter fyrste dose
  • For å ta tredje dose, må det ha gått minst 20 veker etter andre dose