Du er ein del av Noregs beredskap

DSB (Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap) og Oslo Kommune har i samarbeid utarbeida ei kampanje som har som målsetjing å betre folks eigenberedskap. Kampanja fokuserer på kva enkeltpersonar bør ha tenkt gjennom dersom til dømes straumen vert borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å fungere, vatnet er avstengt eller det vert vanskeleg å få tak i nødvendige varer. Har du tenkt over kva du treng for å kunne klare deg sjølv i heimen din i tre dagar dersom dette skjer?  

Klikk for stort bilete

https://www.sikkerhverdag.no/egenberedskap finn du DSB sine råd om eigenberedskap. DSB sørgar for at desse råda til ei kvar tid er oppdatert med gjeldande råd frå myndigheitene. Her finn du også ei digital brosjyre med mykje nyttig informasjon.

https://www.dsb.no/egenberedskap finn du også meir informasjon om sjølve kampanjen. Om du har lyst å nytte plakatane eller brosjyren til å spreie bodskapen er du velkomen til dette som både enkeltperson og frivillige organisasjonar eller liknande.

DSB har også laga ei facebookside (www.facebook.com/sikkerhverdag) der du kan få oppdaterte tips og råd.

Saman kan vi bidra til å styrke landet si uthaldenheit og motstandskraft.