Eg vil berre ha bæsj, tiss og dopapir!

Det er ingenting anna som skal i do. Denne regelen er ekstra viktig no under koronakrisa.

Vectorpocket - www.freepik.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Dei som jobbar med vatn og avlaup er rekna som samfunnskritisk personell. Det er derfor ekstra viktig at desse ikkje må bruke unødig tid på å fikse tette avlaup.

Det er berre tre ting som skal i do: Bæsj, tiss og dopapir.

Alt anna skal i søppel. Q-tips, våtserviettar (også dei av papir), feitt, filler og anna boss som hamnar i do, er eit stort problem også til vanleg, og er den største årsaka til pumpestopp. Dette er både dyrt og unødvendig. Rekninga er det dykk som får til slutt.

Pumpestopp aukar også faren for både tilbakeslag av avlaup i kjellarar, forureining av natur og rotter på besøk.

Bruk dovett!

Foto: Mockup vector created by vectorpocket - www.freepik.com