Egner, Vestly og Prøysen på Bigset skule

Denne veka har Biset skule hatt Bokveke. Dette har blitt ein årleg tradisjon, som skulen gjennomfører veka før vinterferien.

Klikk for stort bileteBokveka blei avslutta med karneval der alle hadde kledd seg ut som ein figur får ei bok. Bigset skule

Klikk for stort bileteHer er fyrsteklassa utkledd som bokfigurar. Bigset skule Kvar klasse skal lære spesielt mykje om ein forfattar eller eit emne innanfor bøker og skriving. Her kjem ein presentasjon av det skulen har gjort i dei ulike klassane i år.

1.klasse: Alf Prøysen. Før i tida, då dei ikkje hadde tv – brukte borna å samle seg framfor radioen og høyre på Barnetimen. Alf Prøysen hadde mange forteljingar som var med på Barnetimen. I første klasse har elevane lært om Nøtteliten, Bolla Piggsvin og Bakvendtland.  Klikk for stort bileteTo stk Emil i Lønneberget. Bigset skule

2.klasse: Tor Åge Bringsværd. Klassa har lest bøker han har skrive, skrive bokmeldingar, laga plakatar med fakta om forfattaren og hatt mykje høgtlesing. Tor Åge Bringsværd har mellom anna skrive bøkene om Karsten og Petra.

3. klasse: Torbjørn Egner. I 3.klasse har dei lest bøker,  sunge songar frå bøkene og lært meir om denne folkekjære forfattaren. Alle elevane har laga eit eige hefte om Torbjørn Egner der dei har skrive fakta og teikna.

4.klasse: Anne Cath Vestly: 4.klasse har lest, sett film, laga presentasjonar og teikna frå forteljingane til Anne Cath Vestly.

5.klasse: Jørn Lier Horst. Denne forfattaren har skrive Detektivbyrå nr.2. Det er ein krimserie for barn. Klassa har fått bokkasse frå biblioteket, der det er mange bøker å velje mellom. Dei har lest for seg sjølv, hatt høgtlesing og lært meir om forfattaren. Elevane har laga kvar sin presentasjon på iPad. 

6.klasse: Frå bok til film. 6. klasse har hatt temaet frå bok til film.

Dei har lært å lage manus, filme og redigere.

Dette temaet har vi i norsk på 6.-trinn, derfor passar det bra.

Vi har laga ein trailer frå ei bok som heiter  «Gravbøygen våkner», ei bok vi har lese høgt i klassa.Klikk for stort bileteForfattar Ingunn Røyset hadde skrivekurs for 6.- og 7.-klassingane. Bigset skule

7.klasse: Skriving. Forfattar Ingunn Røyset var på besøk og hadde eit skrivekurs for 6. og 7.-klasse. Dei starta med «stormskriving», og skulle etter kvart lage idear til ei forteljing.

7.-klasse har jobba med forteljingane sine både på skulen og heime. Elevane har vurdert kvarandre sine tekstar, og har også fått tilbakemelding frå foreldre og lærar.

Skulen avslutta Bokveka med karneval, der alle skulle kle seg ut som ein figur frå bokverda. Alle var samla i gymsalen, og klassane hadde ein presentasjon av det dei hadde jobba med. Det var veldig kjekt å sjå kva alle hadde gjort. Til slutt vart det musikk og dansing, med mellom anna Jenka, Fugledansen og Macarena.

Skrive av 6.-klasse på Bigset skule.