Eigedomsskatt 2024 til offentleg ettersyn

Kommunestyret har vedteke å skrive ut eigedomsskatt for 2024. Listene over kva den enkelte eigar betaler i eigedomsskatt skal ligge ute til offentleg ettersyn.

Det var i møtet 14. desember 2023 at kommunestyret vedtok å skrive ut eigedomsskatt for 2024. Sats er 3 promille.

Lista over kva dei enkelte bustadane betaler i eigedomsskatt kan du finne via denne lenka, og på servicekontoret på rådhuset. (PDF, 482 kB)

Listene vil ligge ute til og med 29. mars.

Du kan lese meir på sida for eigedomsskatt. Her ligg det forklaring korleis skatten blir sett, døme på utrekning og oppskrift på kva som er grunnlag for klage og korleis du kan klage.

Les meir om korleis eigedomsskatten fungerer i Hareid kommune her.