Ekstra kommunestyremøte i høve fotballhall

Fotballhallen ser ut til å koste meir enn ein fyrst trudde. Derfor ber no byggenemnda kommunestyret om å løyve meir pengar til bygginga.

Slik var det tenkt at fotballhallen kunne sjå ut tidlegare i prosessen.

For at byggestart ikkje skal blir utsett meir enn naudsynt har ordførar Anders Riise kalla inn til kommunestyremøte allereie neste veke. Fyrste ordinære kommunestyremøte er ikkje før 23. mai.

Kommunestyret vil også handsame eit par andre saker. Heile innkallinga kan du lese her

Etter at anbodet på fotballhall var innkome har leiar i byggenemnda ilag med prosjektleiar Paul Arne Ulstein og Svein Rotevatn frå Nordplan AS gjennomført forhandlingar med tilbydarane i 2 omgongar med mål om å få ned kostnadane. Fyrste runde avdekte at kostnadsnivået låg langt høgare enn det kommunestyret hadde føresett. Det vart difor gjennomført ei ny runde med forhandlingar og trekt ut ein del postar som ein strengt tatt ikkje trengte for å få ein funksjonell hall. I tillegg vart det gjennomført eit møte med Hareid IL med tanke på å finne andre løysingar og auka inntekter. Idrettslaget har då teke på seg å gjere dugnadsarbeid i samarbeid med entreprenørane for å ta ned noko av utgiftene og i tillegg ser ein at det er mogeleg å selje endå meir reklameplass i hallen. Etter dette arbeidet har vi fått kostnadane vesentleg ned.

Anboda syner etter forhandlingar at hallen vil kome på  29,5 mill kroner inkl påløpte kostnadar og reservepost.  Noko som er 4,5 mill meir enn det kommunestyre løyvde. Likevel er dette ein reduksjon frå 36,3 mill  frå førre anbod.  Tilboda som no er komne inn varierer i mindre grad og ein konkluderer med å ha treft marknaden godt og konkuransen har vore god.

Hareid IL vil gjennom sal av reklameplass bidra til prosjektet med  2,25  mill ekstra utover det som dei allereie bunde seg til over ei 10 års periode. I Tillegg kjem dugnad på delar av innreiingsarbeidet i hallen. Den reele auken for kommunen blir soleis 2,25 mill utover kommunestyret si løyving.

Byggenemnda handsama saka 04.04.19 og gjorde følgjande tilråding:

Hareid kommunestyre vel å gå vidare med bygging av fotballhall og tildele kontrakt på bygging av fotballhall med ein total kostnadsramme  på inntil kr 29.500.000,-  Meirkostnaden vert å dekke inn med auka leigeinntekter på sal av reklameplass og auka låneopptak.