Ekstra oppfriskningsdose til dei mellom 65 og 74 år

Vaksinasjonsdag i Hareid er onsdag 7. september 2022. Det er framleis ledige timar. 

Bilete viser ei hand som held eit medisinglass med covid-19vaksine - Klikk for stort bileteHareid kommune legg til rette for vaksinering av utvalde grupper. shutterstock.com  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

I tråd med Folkehelseinstituttet si anbefaling om ny oppfriskningsdose med Covid-19 vaksine, har no tilbodet gått ut til personar mellom 65 og 74 år.

  • Oppfriskningsdosen kan tilbys tidlegast 4 månedar etter siste vaksinedose.
  • Tidsintervall frå tilfriskning etter gjennomgått koronainfeksjon til ny oppfriskningsdose bør vere minimum 3 veker.

Har du ikkje fått ein SMS med tilbod om oppfriskningsdose?
Personar i aldersgruppa 65 år og eldre som ikkje har fått SMS, kan kontakte Hareid helsestasjon på tlf. 70 03 77 50. Telefonen er open kvardagar mellom kl 09:00-15:00.

Helsestasjonen har adresse Helsehuset, Kjøpmannsgata 16.

Her finn du meir informasjon om koronavaksinasjon i Hareid kommune.