Endra intervall mellom fyrste og andre dose – igjen

No skal det igjen gå 12 veker mellom fyrste og andre dose med koronavaksine. Les her kva konsekvensar det får for deg som skal få vaksine.

Klikk for stort bilete

  • Dette gjeld berre dei som er under 65 år og ikkje har underliggande sjukdomar
  • Det har tilbakeverkande kraft. Det vil seie at om du har fått fyrste dose i veke 20 eller seinare, vil det gå 12 veker til du får andre dose.
  • Du vil få tekstmelding frå Hareid kommune med ny time. Det er den siste tekstmeldinga som vil gjelde.

Det er sentrale helsestyresmakter som endrar desse intervalla for å gjere vaksineringa mest mogleg effektiv. Vi skjønar at det kan vere forvirrande å få stadig nye tekstmeldingar med time.

Som sagt, så er det den siste tekstmeldinga som er gjeldande.

Har du spørsmål? Ta kontakt på 468 34 785 måndag – fredag 9-15.