Endring i smittesporing – no bør du få deg Smittestopp-appen

Smittesporing blir nedprioritert. Det blir opp til den enkelte smitta å varsle sine nærkontaktar. Då kan det vere ekstra lurt å ha smittestopp-appen – både før- og etter at du blir smitta.

 

Det er venta ein stor vinterbølgje med omikron med topp rundt månadsskiftet. Folkehelseinstituttet ventar at vi kan kome opp i 50.000 smitta kvar dag, og til saman fleire 100.000 vil bli smitta i denne bølgja. Omsett til Hareid-tal blir det 50 på ein dag og fleire hundre totalt.

Umogleg for kommunane å spore

Dette vil det vere umogleg å smittespore. Kommunane, også Hareid, vil ikkje ha kapasitet til å kontakte alle nærkontaktane til dei smitta for å varsle. Den nye strategien til regjeringa er derfor at dei smitta sjølv varslar sine nærkontaktar. Men kva med dei nærkontaktane du ikkje kjenner. Dei meir «tilfeldige» møta?  Personen framfor deg i kyrkjebenken? Ho som sto i kø med deg på butikken? Han på nabosetet på hurtigbåten?

App, app, app

Til den jobben har vi ein app – smittestopp-appen. Enkelt forklart hugsar telefonen din kva telefonar den har vore i nærleiken og varslar desse når du legg inn i appen at du er smitta. Alle data er anonymiserte og kan ikkje sporast til deg. For at appen skal verke, må både den smitta og nærkontakten ha aktivert appen. Les meir om appen her.

Ikkje karantene

Ifølgje dei nye reglane for karantene som regjeringa la fram 13. januar, er det berre husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære (kjærastar, overnattingsbesøk mm) som må i smittekarantene*.  Så skulle du få melding om at du har vore i nærleiken av ein smitta gjennom appen, må du ikkje i karantene. Men eit varsel vil kunne gjere deg endå meir merksam på symptom. Du bør også teste deg to gonger: På dag 3 etter nærkontakten og på dag 5

* Men også frå denne regelen er det unnatak. Er det gått minst éi veke sidan oppfriskingsdosen, eller du har hatt covid-19 dei siste tre månadane, slepp du også smittekarantene dersom du hurtigtestar deg kvar dag.