Engeskard/Almetunellen – oppstart og stenging

Arbeidet med å utbetre Engeskard/Almetunellen startar opp over sommaren, nærare bestemt 26. august.

Klikk for stort bileteAlmetunellen sett frå utsida Hareid kommune

Arbeidet vil ta 12 veker. Det er i dei fyrste 2-3 vekene at det vil vere flest utfordringar med tanke på trafikkavvikling. I denne perioden skal entreprenør sprenge. Etter kvar salve må tunellen ryddast og sikrast før bilar kan køyre gjennom. Dette arbeidet vil skje på morgonen, ettermiddagen og kveld. Vi kjem tilbake med meir konkrete tidspunkt over sommaren.

Tunellen vil vere open om natta, so sant det er trygt å køyre gjennom. Gangbrua over tunellen vil vere opa heile tida, bortsett frå når det skal skytast. Etter perioden med sprenging, vil ein vere meir fleksibel på å sleppe gjennom bilar.

Når det gjeld utforminga av tunnelløpet vil ein ta litt i innersving og litt i yttersving. Samtidig skal veglinja senkast.  

Hareid kommune er i dialog med SSR, skolebuss, heimehjelp og naudetatane.