Er du sjuk, i karantene eller isolasjon på valdagen? Les her

Dersom du er sjuk med luftvegsinfeksjon eller i karantene på valdagen, skal du ikkje røyste i vanleg vallokale.

Erlend Friestad   

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Dette er for å sikre at personar som kan vere smitta med covid-19 ikkje går inn i vallokalet og smittar andre. Alle skal likevel få røyste. Litt avhengig av "statusen" din, vil det vere litt forskjellige ordningar. Les meir om dei under.

 

Sjuk med luftvegsinfeksjon eller i covid-karantene og kan kome deg til vallokalet utan skyss eller kollektivtransport.

Vi har oppretta ein eigen særskild røystestad for denne gruppa. De skal få røyste utandørs på framsida av rådhuset mot strandgata. Under halvtaket her, har vi rigga til eit valavlukke. 

Vi vil gjerne at du nyttar munnbind før og etter du har legitimert deg.

Dersom røystestaden ikkje er bemanna, kan du nytte ringeklokka for å kalle ut valfunksjonærar. Dersom behovet er stort vil røystestaden vere bemanna.

Opningstid: Den særskilde røystestaden er ope frå klokka 09-21.

Parkering: Veljarar kan parkere gratis i 30 minutt på parkeringsplassane til Hapark mellom rådhuset og fergekaia. Det same gjeld Bankplassen.

Les alle sakene om val her.

Covid-isolasjon eller karantene og må ha skyss til vallokalet

Dersom du er i covid-karantene og ikkje kan kome deg til særskild røystelokale utan å køyre med andre (som ikkje er i karantene), eller nytte kollektivtrafikk, skal du ikkje dra til vallokale. Det same gjeld dersom du er i isolasjon. Vi kan då kome heim til deg med naudsynt utstyr slik at du får røysta. Fristen for å søke om heimerøysting for denne gruppa er valdagen 13. september klokka 10. Send e-post til postmottak@hareid.kommune.no eller ring sentralbord 70 09 50 00.

Kva må du ha med: Du må ha med legitimasjon for å kunne røyste. Døme på akseptert legitimasjon er sertifikat, bankkort med bilete, pass og nasjonalt ID-kort. Anna legitimasjon må vurderast av valfunksjonær. Minimumskravet er namn, bilete, fødselsdato og «offisielt preg».

Du treng ikkje å ha med valkort. Les kvifor her.