Få hjelp til å ta tak

Kommunen tilbyr kurs for pårørande til psykisk sjukdom og rusavhengigheit.

Kurset «Ta tak» er eit samarbeid mellom kommunene på Søre Sunnmøre og vert halde på Bygdastova i Ulsteinvik onsdagar kl. 18.00-20.30, med oppstart 30.1.2019.

Med på samarbeidet er også Lærings- og mestringssenteret ved Kompetansesenter Rus – Midt-Norge, Tverrfagleg spesialisert rusbehandling Ålesund og Distriktpsykiatrisk senter Volda.

Tema på kurskveldane er

  • Meistring og verdigheit
  • Tvang og rettigheiter
  • Behandling
  • Pårørandeorganisasjonar
  • Søsken og andre barn i familien
  • Familieperspektivet

Innleiarane på kurskveldane er tilsette i 2.-linjetenesta og fagpersonar frå dei ulike kommunane.

Påmelding innan 25.01.19 til :

Gunn Grønmyr gunn.gronmyr@ulstein.kommune.no / 98230639

eller

Solgunn Høyvik Moltubakk  solgunn.moltubakk@ulstein.kommune.no / 98230618