Få nyheitsbrev frå Hareid kommune

No kan du få viktige nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen din.

Klikk for stort bilete Piotr Krężel  

Vi ønsker å bli endå meir tilgjengelege for innbyggarane våre. Målet er at alle dykk der ute skal vite kva som skjer og ha moglegheit til å påverke avgjersla som blir tatt av administrasjon og politikarane.

Hareid kommune har fleire kommunikasjonskanalar, der nettsida er den viktigaste. For å leie innbyggarane inn hit, nyttar vi mellom anna Facebook. Vi ser av lesartala at vi har mange enno som vi ønsker å nå. Derfor startar vi i 2020 opp eit prøveprosjekt med nyheitsbrev.

Alle som vil kan abonnere på dette nyheitsbrevet. Det vil bli sendt ut om lag ein gong i månaden og ved særskilde hendingar.

Trykk her for å melde deg på nyheitsbrevet. Fyrste utgåve kjem i slutten av januar.

For å få sendt ut nyheitsbrevet må vi sjølvsagt lagre e-postadressa di. Adressene frå denne innsamlinga vil kun bli brukt til det. I tillegg vil Mailchimp som leverer tenesten gi oss statistikk på kor mange som åpner e-postane og klikkar seg vidare. Denne statistikken vil vere på overordna nivå.

Skulle du av ein eller annan grunn ikkje ønske å motta brevet lenger, kan du medle deg av via ei lenke nedst i e-posten.