Falsk positiv korona-test på Hareid

Personen som blei meldt smitta på Hareid torsdag 6. mai har tatt ny test. Denne var negativ. Den fyrste testen var derfor ein sokalla «falsk positiv».

Klikk for stort bilete 

Personen hadde ikkje hatt nærkontakt med nokon den siste tida. Vedkomande hadde heller ikkje vore mykje ute blant folk. Det var derfor svært usannsynleg at vedkomande var smitta, og at testen viste feil resultat. Vedkomande fekk derfor teste seg på nytt fredag. I dag, laurdag, kom resultatet: negativt. Personen var altså ikkje smitta likevel.

Slike feil-svar er svært sjeldne. Her kan du lese meir.